send link to app

Eg og Pontus går for gull


4.0 ( 7840 ratings )
Livres
Développeur Gyldendal Norsk Forlag
5.99 USD

Odd Nordstoga debuterer med eiga bildeforteljing i stilsikker verseform. I eit oppdatert eventyrunivers snur Eg og Pontus opp ned på kongeriket. Treffande illustrert av prisvinnande og kritikarroste Rune Markhus, og sunge av forfattaren sjølv.

Har du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på han og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i han og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av.

Eg og Pontus er ikkje slik som du. Dei tenkjer seg aldri om to gonger. Dei gjer alt det du fann ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Dei vekkjer til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag.

Eg og Pontus går for gull er ei forteljing om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera skikkeleg uskikkeleg.